Har akkurat handla ein Superb 2010 med Amundsen (ikkje +) mediasystem. So far, so good, so what...
Men eg klarer f#@n ikkje å koble telefonen til systemet. AUX fungere for så vidt for å spele musikk, men kvar gong det tikkar inn eit varsel (sms/facebook/snap etc.) så shuttar heile systemet ned med ein fæl lyd. Så må ein starte opp på ny, velge AUX osv...
Eg trudde det var Bluetooth på Amundsen? Har lest manualen som seier at eg skal trykke "Phone" og "Setup" for å komme til rette menyen, men når eg trykker "Phone" så mutes radioen og når eg trykker "Setup" så kjem det kun ein generell meny... Eg treng hjelp før eg klikkar fullstendig i vinkel.
I tillegg var det kun med tysk kart-cd. Altså kun basekart for Noreg. Når eg tek ut denne cd-en så går det ikkje å bruke navigasjonen. Går det ikkje an å spele cd og "navigere" samtidig?
Orsak at eg er litt gretten for øyeblikket, men eg set pris på nokre tips. Skal sjølvsagt òg ta det opp med forhandlaren, men reiser på ferie i morgon...