Takk for svar frå Superb III. Kabling og sikringar er dei originale. Sikringen er på 110 A. Moment og tilkopling burde vera i orden, ettersom det er kort tid sidan ny sikringsboks vart montert. Det er jo fleire kontaktpunkt med same ampere som det ikkje har gått varmgang i. Sikringsboksen er smelta ved koplingspunktet for dynamoen, som jo gjev spenning på vel 14V. Skal gå attende til reparatøren som har bestilt enda ein sikringsboks, og først få sjekka for jordfeil og liknande. Vifta startar når ein koplar frå nesten kabel i sikringsboksen, så det kan tyde på ein jordfeil?