Hei og takk for kommentar.
Bakluka er elektrisk, og eg brukte ikkje makt. Men forsøkte å presse ned ekstra for å sjå om den ikkje hatt fått skikkeleg tak, men det hjalp ikkje og den virka då òg heilt normalt lukka. Det var heller ikkje noko snø eller is mellom luka og lister eller tilsvarande. Dei på verkstaden fann ikkje noko svar, og i og med at problemet forsvann av seg sjølv før eg kom meg dit var det heller ikkje nokon feilmelding dei kunne spore. Eg har nå køyrt opp på fjellet att for å sjå om det same skjer på nytt. Det gjorde det ikkje, men så er det heller ikkje så mykje snødriv nå, slik om det var det så var problemet så får eg ikkje testa det ut. Det valet eg har nå er anten å håpe på at det går over av seg sjølv, eller å bytte den inn med ein annan for å sleppe at det skjer på nytt. Det er jo sjeldan det er praktisk å gå frå ein ulåst bil når ein er ute og ferdast.