Gå til innhold

Årstein Svihus

Medlem
  • Innlegg

    3
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Personlig informasjon

  • Bil
    Octavia scout, diesel 4X4 2019 modell

Årstein Svihus sine prestasjoner

Nybegynner

Nybegynner (1/4)

0

Nettsamfunnsomdømme

  1. Takk for det, og takk for tipset om å filme situasjonen ved neste høve. Elles er jo slike ting slikt som gjer at eg saknar den litt enklare 2015-modellen eg hadde før.
  2. Hei og takk for kommentar. Bakluka er elektrisk, og eg brukte ikkje makt. Men forsøkte å presse ned ekstra for å sjå om den ikkje hatt fått skikkeleg tak, men det hjalp ikkje og den virka då òg heilt normalt lukka. Det var heller ikkje noko snø eller is mellom luka og lister eller tilsvarande. Dei på verkstaden fann ikkje noko svar, og i og med at problemet forsvann av seg sjølv før eg kom meg dit var det heller ikkje nokon feilmelding dei kunne spore. Eg har nå køyrt opp på fjellet att for å sjå om det same skjer på nytt. Det gjorde det ikkje, men så er det heller ikkje så mykje snødriv nå, slik om det var det så var problemet så får eg ikkje testa det ut. Det valet eg har nå er anten å håpe på at det går over av seg sjølv, eller å bytte den inn med ein annan for å sleppe at det skjer på nytt. Det er jo sjeldan det er praktisk å gå frå ein ulåst bil når ein er ute og ferdast.
  3. Hei, Har ein 2019 modell octavia scout som eg akkurat har kjøpt. På første turen til fjells byrja bilen å blinka då eg hadde parkert og låst den. Inne på displayet blinka bakluka rødt i raskt flimrande tempo. Ei undersøking av bakluka og fjerning av snø og slikt endra ikkje på situasjonen. Eg måtte difor gå frå bilen ulåst for å hindre at batteriet vart tømt av blinkinga. Problemet var der framleis då eg dagen etter skulle reise, og dagen etter det når eg var vel tilbake i mildvêret ved kysten. Først då eg leverte bilen på verkstad kunne eg låse den som normalt utan blinking og feilmelding, noko som gjer meg lite optimistisk med tanke på kva verkstaden vil kunne finne ut eller kor mykje tid dei kjem til å bruke på å faktisk finne det ut. Spørsmålet mitt er om andre har opplevd liknande og då eventuelt har fått ein diagnose på det vidare ein varig løysning på problemet. Vennleg helsing Årstein Svihus
×
×
  • Opprett ny...